Fetts funnkartet nr. 2/1 - Lars Espenes, gnr. 222 bnr. 1. Knut Øvrebø, gnr. 222 bnr. 2. (Plasseringa vert no på bnr. 6).
1. "Sethaugen" (namnet no ute av bruk, sml. haug 3) låg på ein stor knaus 15 m SO for stova på bnr. 1. Haugen var etter Ross noko avlang 49 X 35 fot N - S (16 X 12 m), men alt då sterkt skadd av steintak. Nær midten fanst ei helle på 6 X 3-4 fot, derunder var ei krukke med øyre (leir eller kleber?). Ettergraving 1881 (A. Lorange), det kom då fram eit rom 30 X 25 cm med heller i vegger, tak og botn, 12 cm høgt. Der var berre svart jord og brende bein.
Tapt - Leirkrukke eller klebergryte frå fk. nr. 2/1.