Fetts fk.nr. Fjellet H 2-7 Røssesete

Består av 6 skålgropsteiner som her utgjør ett skålgropfelt: 85 m O for gropesteinen R 1, ligg gropesteinen Fetts fk.nr. H 2 som er ein av dei seks gropesteinane i feltet R 2. Steinen er trekanta på skap, ligg orientert NO-SV, med dei to kortaste sidene mot SV og SO. Største målet på steinen er 2,15 m. Gropene er konsentrert om den søraustlege halvdelen av steinen. Innan eit område som er 1,0 x 0,5 m vidt, ligg det 7 sikre groper, og desse er frå 4-9 cm i tverrmål og om lag 0,2-2,5 cm djupe.Gropesteinen Fetts fk.nr. H 3 ligg 20 m O for H 2 og dannar den nordlege endeveggen i ei stølstuft. Steinen er 2,8 x 2,8 m vid og 80 cm høg inn mot stølstufta. Heilt på det søraustre hjørnet av steinen ligg det 2 groper med 40 cm mellomrom. Gropene er 5 og 8 cm i tverrmål og 1-2 cm djupe.Gropestein Fetts fk.nr. H 4 ligg 15 m NV for H 3. Steinen er 2,20 x 2,40 m vid og 0,5 m høg. På den austlege delen av steinen er det 2 konsentrasjonar av groper, i det nordaustlege hjørnet av steinen ligg det 3 sikre groper innan eit 40 x 40 cm vidt område. Desse er frå 4-7 cm i tverrmål og frå 0,5-4 cm djupe. Heilt i det søraustlege hjørnet av steinen ligg 2 groper med 10 cm mellomrom, desse er 5 og 9 cm i tverrmål og 2 og 3,5 cm djupe.Gropesteinen Fetts fk.nr. H 5 ligg 2 m N for H 4. Steinen er 4,0 x 3,8 m vid og 1,5 m høg i O. Heilt i det nordaustre hjørnet av steinen ligg det 4 groper på rekkje langs kanten innan eit 80 cm langt område. Den vestlegaste gropa er oval på skap. 9 cm største tverrmål og 2,5 cm djup. Dei andre 3 er kring 5 cm i tverrmål og 2 cm djupe.Gropesteinen Fetts fk.nr. H 6 ligg 25 m N for H 5. Steinen er helleforma, 1,9 x 1,4 m vid, orientert N-S, og 0,5 m høg i søre kant. På hella er det til saman 8 groper, 4 av desse ligg på den nordaustlegaste delen av steinen innan eit område som er 40 x 25 cm vidt. På den austre halvdelen av steinen, 35 cm inn for søre kant, ligg ei einsleg grop og dei 3 siste gropene ligg innan eit 30 x 10 cm vidt område på den sørvestre delen av hella. Gropene er frå 3-6 cm i tverrmål. Fleire er heilt grunne og den djupaste er om lag 2 cm djup.Gropesteinen Fetts fk.nr. H 7 ligg lengst SV i feltet, 20 m SSV for gropestein H 2 og 13 m N for stølsvegen. Sett ovanfrå er steinen forma som ein likebeina trekant der grunnlina er 2,4 m lang og høgda i trekanten er 1,6 m. Steinen er 0,6 m høg og heilt flat oppå. 25 cm inn for søre kant av steinen, om lag midt på, ligg det 2 groper med 13 cm mellomrom. Gropene er heller grunne og 2,5 og 6 cm i tverrmål.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/35863
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=49302&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2007
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.410W, 61.446S, 7.411E, 61.446N); Luster