Skyttargrav frå andre verdskrig, med utsikt mot Ulvikafjorden i søraust. Murane slyngjer seg i S-kurver frå nord mot sør, i om lag 21 m. I nordleg ende skrår strukturen seg opp, slik at det er lettare å komme seg ut og inn av skyttargrava. Murane vert gradvis høgare mot sør, og rommet inni skyttargrava er breiast i sørleg ende. På det høgaste er murane er 1,2 m, og indre mål er mellom 60 og 140 cm brei. Murane er 50-130 cm tjukke.
Skyttargrava er godt skjult frå fjorden, då det ligg i det bratte terrenget i lauvskogen. Det er svært bratt ned mot sør og søraust. I dag har murane vorte noko attgrodd av grøn mose, og det ligg mykje kvist og greiner rundt strukturen. I muren i vest har det rasa ut steinar to stader. Dette er på grunn av eit stort tre vest for strukturen, der røtene pressar ut muren.
Rett nord og nordvest for strukturen, strekk det seg ein veg som går i sikksakk opp den bratte sida. I følgje paktar på marka ovanfor, vart vegen utbetra, med mellom anna sprenging, på 1970-talet. Vegen er eldre enn dette (usikker datering), og kan ha samanheng med krigsminna. Det kan tenkast at det har gått ein sti eller smal veg her også lenge før krigen.
Krigsminne dokumentert i samband med overflateregistrering.