Det vart funne dyrkingslag i sjakt nr 2. Lokaliteten ligg om lag 40 meter frå Lokalitet Steinsåker 1. Han ligg på ei lita flate, rett nedanfor eit gjerdet som går delvis over beiteområdet. Tilsvarande dei andre lokalitetane på Sårheim, er det uviss kor langt dyrkingslaget strekker seg mot vest og aust. Det vart påvist to trekolhaldige lag.
To fasa dyrkningslag:
DL2 - A (lag 3) ligg rett under dagen s moldlag som her er heller skrint. DL2 - A varierer i tjukne frå 10 til 15 cm. Dyrkingslaget er nærmast svart i farge, særs trekolhaldig, kompakt og feit i konsistensen.
Dyrkingslaget DL2 - A er 14C - datert til 1231 - 1044 f. Kr. (94,7% sannsynleg)(Beta 472965). Det vil seie datering til overgangen eldre/yngre bronsealder.
DL2 - B (lag 5) er mørkebrun i fargen og litt trekolhaldig, og det er mellom 2 - 5 cm på det tjukkaste. Trekolbitane er svært små. Mellom lag DL2 - A og DL2 - B ligg det eit vel 20 cm kompakt lag med lysebrun siltig leire. DL2 - B ligg mellom 50 til 60 cm under markoverflata. Der DL2 - B vart funne, var sjakta opptil 65 cm djup. Lenger sør i sjakta va rt det meir skrint, og ein såg ikkje meir til laga.
Laget DL2 - B er 14C - datert til 7145 - 7028 f. Kr. (91,8% sannsynleg)(Beta 472966). Det vil seie datering til midtre del av eldre steinalder (MM2).