Lokaliteten ligg på innmark i Vatnedalen i Etne kommune, heilt vest på eigedomen gnr. 121, bnr. 3. Den sørlege enden av lokaliteten ligg berre om lag 20 meter nordaust for Skånevikvegen. Lokaliteten er definert av tre funnførande sjakter, sjakt 46, 47 og 50. Her er registrert eit fleirfasa fossilt dyrkingslag, og det er send tre dateringar for tidfesting av ulike stratigrafiske lag. Desse knyt aktiviteten på lokaliteten til mellomalder og yngre jernalder. Dyrkingsflata er avgrensa av funntomme sjakter i nord, sør, vest og aust. Aktiviteten er dokumentert og datert ved oppreinsa profil nordaust i sjakt 46.
Fire trekolprøver vart teken ut av profilen i sjakt 46. VP13 vart teke i midten av det første laget under torva. Laget er truleg meir moderne dyrkingsjord, og prøva vart ikkje send til datering. Lag 3 var massar av brun, trekolspetta jord, iblanda grus, sand og småstein. Her vart det teke ut to prøver, VP14 (topp) og VP15 (botn). VP14 gav ei datering til 1116-1219 e. Kr og 1042-1108 e. Kr, mellomalder, og VP15 gav ei datering til 602-678 e. Kr, yngre jernalder. VP16 av lag 4 (lyse grågule massar av sand, silt og stein, lett iblanda trekol) gav ei datering til 564-650 e. Kr, yngre jernalder. Lag 4 i botn er truleg spor av avsviing som er gjort før oppstart av dyrking på staden.