Dette er ein fossil dyrkingslokalitet som vart funne under prøvestikking etter littisk materiale.
Lokaliteten er avgrensa av negative prøvestikk mot vest, sør og aust. Mot nord avgrensast den av ein bekk og eigedomsgrense. Det er ikkje prøvestukke nord for prøvestikket JA22.
Skildring av stratigrafien i profilveggen i JA22:
1: 0-30 cm Torv og moderne matjord.
2: 30-50 cm Mørk silt, sand og grus med veldig mykje trekol. Dette laget tolkast som eit fossilt dyrkingslag.
3: 50-80 cm Blanda masser beståande av mørk, brun og grå silt, sand og grus. I dette laget er det mindre trekol i mindre bitar.
Laget er ikkje datert