Rollandslia lok. 1

Rollandslia lok. 1 består av dyrkingsspor frå jernalder og mellomalder. Lokaliteten er 240 m². Dyrkingsspora finnes i sjakt 1 og sjakt 2. Sjakt 1 er 3 m brei på det breiaste og 20 m lang (58 m²) og sjakt 2 er 3 m brei på det breiaste og 10 m lang (29 m²). Det er funne spor etter to forskjellege dyrkingslag: S1.1 datert til jernalder (S2.2 er same lag) og S.2.1 datert til mellomalder. Lokaliteten ligg heilt sør i planområdet, aust for skogen og vest for grusbanen. Området består av open mark med berg i vestre del og myr i austre del. Lokaliteten er avgrensa i sør kor dyrkingsspora syner å slutte. Dyrkingslaga er ikkje observert aust i sjakt 2 og heller ikkje i myra i sjakt 12, så det er rimeleg å tru at spora sluttar i søraustleg retning. I aust ligg grusbanen og resten av området har djup myr, der dyrkingsspora forsvinn inn i myra. Ein kan ikkje sjå ein ende på dyrkingslaget nord i sjakt 1 og det er sannsynleg at det fortsett mot nord. Lokaliteten er difor avgrensa i nord av veiter og myr i sjakt 3. I vest er lokaliteten avgrensa av enden på dyrkingslaga og berget.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/322098
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3072128&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2024
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.329W, 60.457S, 5.329E, 60.457N); Bergen