Kvassnes lok. 1

Kvassnes lok. 1 er definert av to positive/funnførande prøvestikk: APK3 og APK5. Den har eit areal på om lag 164 m², og er 15 m lang og 16 m brei på det meste. Lokaliteten ligg på ein terrasse 12-15 moh., på gnr. 188, bnr. 802. Den ligg rett ved elva, med utsikt mot sør og søraust. Lokaliteten er for det meste topografisk avgrensa. Den er avgrensa av berg i nord og nordaust. I aust er den avgrensa av negativt prøvestikk APK6 og enden av terrassen. I sør er den også avgrensa av enden på terrassen og negativt prøvestikk APK8. I vest avgrensar elva lokaliteten. I nordvest møtes berg og elv og det er også eit negativ prøvestikk, APK9, her. Vegetasjonen består av myrtorv med grastuer og mose i topp. Det er nokre tre og einebuskar rundt lokaliteten. Vest for det positive prøvestikket APK3 er lokaliteten prega av store, mosegrodde stein med mykje vatn rundt. Det går eit søkk rundt og det fortsett mindre stein og vatn ned mot røyret som stikk ut mot sør. Det var ikkje mogleg å ta prøvestikk her og området er difor inkludert i lokaliteten. Lokaliteten er avgrensa med negativt prøvestikk nordvest for steinane.
Det er totalt gjort 10 gjenstandsfunn på lok. 1. I APK3 er det funne to avslag av flint og eitt flekkelignande avslag i rhyolitt. APK5 har flest funn med fire avslag av flint, to avslag av rhyolitt og eitt avslag med retusj av bergkrystall med stikkelslitasje.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/324763
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3105094&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2024
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.297W, 60.544S, 5.298E, 60.544N); Alver