Tingstadveien 4 2022

Botnen av ei fjerna gravrøys. Restane viser seg som eit mørkare parti med gråbrun sand og grus med innslag av brente bein, trekol og små bitar skjørbrente stein. Partiet har ei krumming som indikerer ein sirkel på ca. 3,5 meter i diameter. Noko smått for ei gravrøys, så mogleg vi berre ser restane av den indre konstruksjonen. Noko større stein i undergrunnen er truleg del av haugfyllet og hjelper i tolkinga av sirkelen. Sentralt i sirkelen ligg ei nedgraving med stein rundt. Fyllmassen her er lysare gråbrun masse med ein del brent bein. Tolkinga her er at dette truleg er restane av ei kammergrav - moglegvis utgraven/plyndra. Rett utanfor ligg eit mørkare parti som inneheld endå meir brente bein. Det er uvisst om dette er ein eigen struktur, eller representerer utkast frå kammeret. Restane av røysa låg under 70 cm påfylt masse med ein del stein som truleg har vore frå røysa og seinare nytta om att som fyllmasse.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/288932
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2666791&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Østfold fylkeskommune (31)
Publisher Askeladden
Publication Year 2022
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (11.066W, 59.293S, 11.066E, 59.293N); Sarpsborg