Einfasa dyrkingslag, registrert ved maskinell sjakting, først synleg i store delar av ei sjakt. Det vart opna avgrensande sjakter i alle retningar. I avgrensande sjakt mot aust dukka ein ytterkant av laget opp i vestleg profil. Mellom desse to sjaktene går det i dag ein grusveg nord-sør i Storetveitsparken. I sjakta der laget først dukka opp, er det ei moderne forstyrring i form av ei veite.
Trekolprøve vart tatt ut av laget og sendt til datering, som resulterte i ei datering frå førromersk jernalder, 2200 +/- 30 BP (369 - 173 cal BC).
Meir informasjon om korleis laget opptrer kjem når rapporten er under arbeid.