Lokaliteten består av dyrkingsspor frå romartid, og ligg på den dyrka marka på gbnr. 86/2. Den ligg heilt i nordaustleg ende av marka og rett nordaust går vegen parallelt med funnførande sjakt. Mot nordvest er det moderne forstyrringar som avgrensar lokaliteten. Mot søraust er det eit parti i sjakta som ikkje er funnførande og derav avgrensast lokaliteten i denne retninga. Mot sørvest og utover innmarka er lokaliteten ikkje avgrensa. Det er høgst sannsynleg at dyrkingsspora held fram i denne retninga. Terrenget er tilnærma flatt.
Lokaliteten består av eit einfasadyrkingslag som er synleg i deler av sjakt 4. Dyrkingslaget ligg i sørvestleg del av sjakt og profil men held ikkje frem i endane av sjakta. Det vart ikkje observert i profil mot nordaust og heller ikkje i den nordaustlege halvdel av sjakta i plan under den maskinelle sjaktinga. Truleg ligg sjakta heilt i utkanten av eit førhistorisk dyrkingsområdet og har fått med seg ein ytterkant av dyrkingslaget. Dyrkingslaget var tydlegast i profil mot sørvest i midtre del av sjakta. I nordvestleg og søraustleg ende av dyrkingslaget opptrer det meir sporadisk i profil.