Lok. 171, Epland 7

Lok. 171 på E39 Stord-Os (Hordfast)

Lokalitet med rester av kokegrop og mulig moderne steinvegg.

På et platå heva over myra vart det registrert ei steinmur og restar etter ei kokegrop. Kring veks svære eiketre og dannar ein lund kring flata. Midt gjennom flata renn ein bekk og i hausten 2022 var det høg vassføring i denne. Dette utfordra feltarbeida og det vart berre dratt to sjakter. Det var svært dårleg dekning for innmåling med CPOS og strukturane er målt inn med meir enn 50 cm nøyaktigheit.

Mot sør på lokaliteten vart det registrert ein steinmur. Den ligg opp på det funnførande lag i sjakta og har ca. 10 cm overdekking av torv. Strukturen er bygd opp av stein av ulik storleik. Den vart snitta og inneheld mørk brun sandholdige masser som minne rom torvkonsistens, meir kompakt enn matjorda. Massane skil seg frå massane i strukturene i same sjakt. Foreløpig tolking er ein nedgraving eller grøft, det er iblanda undergrunnsmasser i matjorda, noko som taler for at strukturen er av yngre dato.

I samme sjakt vart det registrert ein struktur som vart tolka som ein kokegrop. Strukturen ligg på ca. 40 cm djupna under torva og skildrast som mørkegrå silt med mykje kol og skjørbrent stein i topp.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/298726
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2835560&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2023
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.515W, 59.960S, 5.515E, 59.960N); Tysnes