Dei ni lokalitetane ligg innan eit område som strekkjer seg kring 305 m i retninga NNO-SSV.Samlinga R 15 omfattar ein gropestein og eit gropeberg.Gropesteinen ligg kring 30 m NNO for selet til Knut Ekrene og tett VNV for fjøsmuren til Olaf Drivdal. Det er ein opp til 1,2 m høg stein som skrår sterkt inn på undersida. Overflata hallar mot ONO, er hjarteforma og 2,5 x 2 m vid. Her er minst 38 tydelege groper. Ein del er små, men mange er store og djupe. 3 av gropene er doble. Dei runde gropene er 3-8 cm i tvm. og 1-4 cm djupe.Gropeberget ligg 12 m NO for gropesteinen. Det er eit noko ujamt sva som stikk fram ved S-enden av O-veggen på ei gamal overgrodd hustuft. Den synlege delen av svaet er 1,7 x 1,2 m vidt. Her er 5 tydelege groper, 4,5 -7 cm i tvm. og 1,5 cm djupe.Hustufta er 6 x 5 m vid, orientert N-S. Ho hallar noko mot S. Veggene markerer seg som 1 m breie og opp mot 0,5 m høge vollar. Desse er tilvaksne med grastorv, men enkelte steinar/blokker stikk i dagen.Staden er påvist av Erik Valde.