Finnås - Steinbrot, Siggjo

Brotsona strekkjer seg frå sørenden av Siggjatjødno og ca. 400 m mot VSV. I VSV-enden har brotsona ei breidde på omlag 175 m. Den smalnar av mot NNO og nullar heilt ut ved Siggjatjødno. Det er fleire konsentrasjonar av brotstein innan brotet. I den største, heilt i VSV-kanten, vart det i 1979 undersøkt to kvadratmeter. Laget med avfallsmassar var her 70 cm djupt. Tre radiologiske dateringar (14C-dateringar) frå dette feltet gav alle ein alder på kring 4900 år før nåtid.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/6716
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=33366&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2004
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.290W, 59.749S, 5.297E, 59.751N); Bømlo