Lokalitet Kleiva

Kleiva framstår som eit graskledd eide. Frå havet i nord er det ei beskjeden stigning opp mot toppen av eide der lokaliteten er på sitt smalaste. Frå det smalaste punktet hellar terrenget svakt ned mot havet i sør. I den sørlige hellinga er det mindre rydda, og store stein ligg mot utkantane av lokalitetsavgrensingane. Under eit tynnt torvlag er det eit mørkebrunt jordlag på om lag 20 cm før undergrunn. Jordlaget er tørr, til tross for at regnvatnet i området vert ført ned hit. Truleg er området godt drenert. Det er varierande undergrunn i Kleiva. Biletet under viser berg som undergrunn. Få meter unn vart det graven over ein meter ned gjennom silt, grus og rullestein. I eit anna prøvestikk vart det bare funnen grus.

Kleiva framstår som eit graskledd nord - sør - gåande eide. Lokaliteten har ei utstrekking på ca. 2200 m 2. Frå stranda i nord er det ei beskjeden stigning opp mot toppen av eidet der lokaliteten er på sitt smalaste . Herifrå hellar terrenget svakt ned mot stranda i sør. I den sørlige hellinga er det mindre rydda, og store stein ligg mot utkantane. Ved stranda i nord står eit naust som framleis er i bruk. I nordleg del av lokaliteten finst det også nyare tids kulturm inne (sjå Nyare tids kulturminne). Under eit skrint torvlag er det eit mørkebrunt jordlag på om lag 20 cm før undergrunnen. Jordlaget er tørt, til tross for at regnvatnet i området vert ført ned hit. Truleg er området godt drenert. Det er ingen openbar lagdelingar i jordlaget. Det er varierande undergrunn i Kleiva. Bilete under viser berg som undergrunn. Få meter unna vart det graven over ein meter ned gjennom silt, grus og rullestein. I eit anna prøvestikk i same område vart det berre funne grus. Lokalitet Kleiva er tolka, som Lokalitet Garnvikmyra, som ein dyrkingslokalitet, men her utan ei openbar lagdeling i jorda. Det vart henta ut ei trekolprøve frå botn av jordlaget i prøvestikk PS14. Prøven er datert til 771 - 903 eller 918 - 965 (Beta - 470374). Det vil seie perioden vikingtid i yngre jarnalder. Vegtrasèen kjem, slik den er planlagd, i direkte konflikt med den automatisk freda dyrkingslokaliteten.

Se til rapport: Solund k., det.reg. Eide - Kråkene side 12 - 13

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/230249
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=442771&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2017
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (4.928W, 61.058S, 4.930E, 61.059N); Solund