Kaldestad Koladalen Husmannsplass / Husmannsplass Tuft 1

Beskrivelse fra lokalitet: Husmannsplass ned mot sjøen i Koladalen, eller Kvednadalen som staden også har blitt kalla. Eit område på om lag 2,5 mål er gjerda inn med steingard. I søraustre hjørnet av inngjerdinga ligg ei svært mosegrodd tuft som er om lag 7 x 5 meter. Området som er inngjerda ligg på austre sida av bekken som renn gjennom dalen, og som har vore nytta til å drive kvern i gammal tid. Ut frå det som står i bygdeboka var plasset truleg i bruk fram til siste halvpart av 1800-talet. Det var oppgitt at plasset fødde ei ku og sette ei tønne poteter. Det kan nemnast at det inngjerda området er innteikna på utskiftingskartet (oppmålt i 1905).

Beskrivelse fra Enkeltminne: Tuft etter husmannsplass. I dag svært overgrodd av mose og bregner. Tufta er ca. 7-8 meter lang og 4-5 meter breid. Ser ut til å ha vore delt i to rom (bustaddel og fjøsdel?). Forholdsvis tett granskog i området med ein del nedfallstre.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/222022
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=148033&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2016
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.716W, 59.857S, 5.717E, 59.858N); Kvinnherad