Blauteberg

Berg midt i vegen, oppdelt i fleire felt. 1) Øvste rad, til venstre: innramma "9/7 1891" og innramma "BSP 9/5 46" og "19KSI 9/00". Øvste rad, til høgre: "BTDB" og fleire rare teikn og innramma "HASE"? og SK og "1888"? og fleire rare teikn. Nedste rad, lengst til venstre: Fleire rare teikn og "AIOSNN" og "KKOSB". Nedste rad, nest lengst til venstre: Mange rare teikn. Nedste rad, i midten: "1941"? og "1827" og "14S" og "KTB" og "KAYA14" og "ANN MD" med store bokstavar (= år 1500?) og "KJVM 1870". Nedste rad, mellom det i midten og det nest lengst til høgre: "ONS J VI 4"? stilt loddrett. Nedste rad, nest lengst til høgre: Mange rare teikn og "E" og "JK" og "190" og "18SB"? og "HEB"? og "OPSN" og kan henda "1814". Nedste rad, lengst til høgre: "TDS" og "YI" og "1867/" og "KT" og mange rare teikn og "18XII" (= 1812?) og "OVST 1884" stilt loddrett. Dei som endar på B, må vera Bydal, dei som endar på N, må vera Nesland, dei som endar på T, må vera Tveit. Dei rare teikna kan vera bumerke frå tida før folk lærde seg å skriva namna sine. Nokre av dei kan vera førreformatoriske. Dersom "Ann MD" verkeleg tyder år 1500, er iallfall dette førreformatorisk. Dei andre årtala er frå 1800-talet. Der er også nokre hòl der dei har pressa ned ein knivspiss (skålgroper?).

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/159530
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=128701&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2012
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.501W, 58.596S, 7.502E, 58.596N); Åseral