Uten navn

Askeladden ID 314153 er funnen i sjakt 2 og består av to enkeltminner; ei dyrkingsflate frå vikingtid og mellomalder (enkeltminne -2), og ein funnstad for jarnnaglar (enkeltminne -3). Sjakta er 6,3 meter lang og varierer i bredde frå 2,4 til 3,1 meter. Massane i sjakta består av varierande sjatteringar av brun sand. Det er tatt eit djupdykk i nordleg del av sjakta, ned på 3-4 meter. Her kjem ein ned på rullestein iblanda homogen, lys sand.

Sjakt 2 vart opna tre meter vest for Hoddevikvegen, der møtelomme 4 er planlagt. Sjakta er 6,3 meter lang og varierer i bredde frå 2,4 til 3,1 meter. Massane i sjakta består av varierande sjatteringar av brun sand. Det er tatt eit djupdykk i nordleg del av sjakta, ned på 3-4 meter. Her kjem ein ned på rullestein iblanda homogen, lys sand.

Sjakta er forsøkt lagt i utkanten av vegfyllinga. Kabelsituasjonen er noko forvirrande. På figur 27 visesei lang linje vest for vegen som er ein georeferert kabel frå Geomatikk sine kart. Ved påvising vart det ved sjakt 2 ikkje påvist noko kabel der vi låg sjakta, denne kabelen vart påvist lenger utpå jordet. Under gravinga fann vi likevel ein kabel i sjakta, og det viser seg at det ligg to kablar på jordet, der berre den eine er meldt inn til Geomatikk. Ved påvising har påvisar fått signal frå den som ikkje er på deira kart. På karta i rapporten syner difor to kablar i sjakt 2, ei lang linje og ei kort. Den lange er georeferert frå kart, og den korte er riktig plassering.

Etter at kabelen dukka opp i sjakta, grov vi rundt den der den var synleg, men vi drog ikkje sjakta lenger bak, då kabelen låg i same retning som sjakta og møtelomma. Vi kunne ikkje flytte sjakta lenger opp mot vegen i aust, grunna tryggleik, og vi kunne ikkje opne opp sjakta lenger mot vest då Geomatikk hadde påvist ein anna kabel her.

I Askeladden vart det ved ein feil oppretta tre enkeltminner, der enkeltminne -1 så vart sletta. Difor eksisterer berre enkeltminne -2 og -3. For enklare skildring av metodiske val som vart tatt i felt blir enkeltminne -3 skildra først.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/314153
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3000768&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2024
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.169W, 62.123S, 5.170E, 62.123N); Stad