Klebersteinsbrot. I dag står her i NV kant av området ein N - S gåande A vendt bratt bergvegg, tilplanta med buskfuru og prydbusker på toppen. Omlag midt på syner ei kleberførande åre, minst 3 m br. Den går fra loddrett til ca. 30 grader helling. Ingen spor etter gamalt uttak. Bergveggen er ca. 25 m l. og nå ca. 2 m høg. Iflg. de Fine 1745 var her ei grube 10 famnar l, 7 famnar br. og 8 famnar djup. Den var fylt med vatn og kaltes Folgetjønn. I 1923 tok dei stein her til restaureringa av Avaldsneskyrkja. Ein tømte då gruva for vatn. Nede i den var tydelege merke etter tidlegare steinbryting bl.a. ein 1 m h. kross og mange merke og teikn. Her var ein høgare ( 6- 7 m høg) bergvegg før som nå er sprengt bort (ca. 1954) .