Lokaliteten ligg i innmark i nordlege del av planområdet på eigedom gnr. 108, bnr. 6. Den ligg i eit ujamt, noko kupert terreng som skrånar frå aust mot vest og frå sør mot nord. I nord vert lokaliteten avgrensa av myrlendt mark og negative sjakter. Den vert avgrensa av negative sjakter mot aust og vest, og av negative sjakter og terrenget, i form av ein knaus mot sør. Det vart ikkje grave sjakt nord for sjakt 3, då der er berg.
Lokaliteten vert avgrensa til fire positive sjakter (sjakt 3,5,19 og 21), og strekk seg om lag 20 x 30 m. Dyrkingslaget er til stades i sjakt 5,19 og 21. Medan sjakt 3 og 5 har strukturar, dette i form av kokegroper. Det er høvesvis ei kokegrop i sjakt 3 og to i sjakt 5.
Som nemnt er dyrkingslaget til stades i sjakt 5,19 og 21. Berre sjakt 3 og sjakt 5 har strukturar. I Sjakt 3 vart det registrert ei kokegrop (S1), og i sjakt 5 vart det registrert to kokegroper (S2 og S3).
Utgraving 2023: Det ble anlagt et felt på toppen av kollen med stikksjakter nordover ned mot en myrlendt gressmark. Det ble funnet totalt fem kokegroper og noen staurhull. I stikksjaktene ble det påvist flere faser med dyrkningslag. Funn av en skraper av fin flint i nederstliggende lag.