Nyreg. Stegane (Åsestegen)

Berget er lett kvelva og høgast i O. Berggrunnen er fyllittisk, og overflata på berget er noko ruklet. 4 m S for hushjørnet på høgste ryggen av berget, ligg ein konsentrasjon med sju groper. Desse gropene ligg innafor eit 70 x 70 cm vidt område. Gropene er 5-8 cm i tverrmål og 2-4,5 cm djupe. 0,5 m lengre S ligg ein ny konsentrasjon med fire groper. Desse er 5-10 cm i tverrmål men noko uregelmessige. 40 cm lengre mot S ligg det tre groper. Den største av desse er 16 cm i tverrmål og 8 cm djup. 40 cm SSO for denne store ligg det ei grop for seg sjølv, 7 cm i tverrmål, 4 cm djup. Dette er den søraustlegaste av gropene. Frå den siste konsentrasjonen hallar berget mot SV, før det dannar ei flate som er 3 x 2 m vid. På sjølve skråninga ligg det to groper, medan det nede på flata ligg 17 groper, 5-11 cm i tverrmål, 2-4 cm djupe.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/35861
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=48684&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 1900
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.453W, 61.467S, 7.453E, 61.467N); Luster