Askeladden ID 300654 er eit busetjing- og aktivitetsområde beståande av ein eldstad og ei dyrkingsflate med fleire dyrkingslag. Lokaliteten ligg på gbnr. 83/7 og har ein storleik på 621,32m2 (med sikringssone er den 1249,61m2).
Lokaliteten ligg på ei slakt hellande flate med brattare innmark oppover mot aust. Ifylgje grunneigar er det berre eit skrint torvlag over berg rett aust for lokaliteten, i det brattare partiet. Sjaktene 3.7 og 3.9 er grave sentralt på flata og er svært djupe. Det er difor naturleg å sjå føre seg at det har vore eit kraftig, vedvarande jordsig ned til lokaliteten i frå bakken mot aust.