Kyrkjevollen

Lokaliteten ligg på ei flata inne på gnr. 15/3, som lokalt har namnet «Kyrkjevollen». Flata er svakt skråande mot N-NV og ligg på kote mellom 35-40 moh. Den er naturleg avgrensa av terrenget mot nord og vest, der flata endar i ein liten skrent ned mot lokalitet 1. Mot aust er lokaliteten avgrensa av ein veg som ligg i kanten av flata og der terrenget skrånar bratt ned mot ein bygning. I mot sør er flata avgrensa av terrenget som skrånar oppover og endar i ein liten bergvegg. Mikroforskjellar i terrenget kan tyda på at det har kome litt massar sigande ovanfrå og over sørleg del av lokaliteten. Flata vert i dag nytta til sauebeite. Her vert det grave 3 sjakter, der alle er funnførande. Til saman er det funne 23 strukturar på lokaliteten og alle ligg om lag rett under matjorda, som her berre er 20-30 cm djup. Av strukturane er det ni stykk som er tolka som kokegroper, åtte som flekkar av trekol, fire som uspesifiserte groper og to som grøfter med ukjend funksjon. Majoriteten av kokegropene er funne i vestleg del, nær kanten av flata. På midten og indre del av flata er det påvist eit grøfte- og gropanlegg med uviss funksjon. Det er ikkje usannsynleg at nokon av gropene eller flekkane kan vera botn av stolpehol. Ein dateringsprøve frå kokegrop S.39.4 vart sendt til analyse og resulterte i datering i frå overgang romartid – folkevandringstid (329 – 435 AD).

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/325225
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3108810&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2024
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.073W, 60.358S, 6.074E, 60.358N); Kvam