Indra Stushedlarlegå (Stushellerlega)

Her var driftelege frå 1792 til 1908. Frodig grasvoll med to tufter. Den eine tufta stod 28 m over det gamle vatnet og hadde opptil 0,8 m høge steinvegger etter steinbu på frodig grasvoll. Ytre mål: 3,1 x 3,2 m. Indre mål: 1,5 x 2,0 m. Inni tufta blei det grave ut eit felt på 1,5 x 0,25 m og funne to bitar av ei kritpipe i kollaget og eit glasskår. Det kan henda at denne tufta enno er på land. Noko av legevollen stikk enno opp or vatnet. Den andre tufta stod 3 m over det gamle vatnet. Ytre mål: 2,3 x 2,3 m. Indre mål: 1,7 x 1,7 m. Are i det eine hjørnet. Det var rundt 100 m mellom dei to tuftene. Under vatn frå 1968. Erstattar ID 172197.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/174976
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=134699&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2014
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.158W, 59.117S, 7.160E, 59.118N); Sirdal