Dyrkingslagslokalitet med fleirfasa dyrkingslag. Dyrkingslaga er typologisk datert til å vere førhistorisk. Dyrkingslaga er synleg i to sjakter, SJ27-SJ28.
Lokaliteten ligg i skråande terreng på dyrka mark. Nord for lokaliteten er det ein brå, bratt skråning av attgrodd berg, som er typografisk avgrensande. Mot vest er det svært vått, og når registreringa gjekk føre seg, var dette ein nypløgd åker. I sør vart det grave to avgrensande sjakter, SJ15-SJ16, som begge var utan funn. I nordaust er SJ14, som også er funnlaus og slik fungerer som avgrensande.
Lokaliteten er typologisk datert til førhistorisk tid.