Rundrøys. Delvis fjerna og seinare utgraven (1959). Er idag svakt markert i terrenget. Godt synleg frå vegen. Midt i røysa tre blokker som truleg har rasa ut frå fjellsida ovanfor. Største mål på blokkene: ca. 1-1,2 m. Røysa er bygd av rullestein som varierer mellom knyttnevestørrelse til ca. 30 cm som største mål. Jordfylt. Mogeleg gravkammer. Diameter: ca. 13 m, høgde: vanskeleg å oppgje då røysa som tidlegare nemnt er delvis fjerna - omlag 1 m.Merknad: Peder J. Refvik (127/4) opplyser at haugen vart kjent først då folk henta stein frå røysa til pukking av ein ny veg ein gong i 1950-åra. Funn også av dyretenner i haugen. Desse er ikkje reg. og no tapte.