Nore Grønevik

Klebersteinsbrot. Orientert N - S. Lite synleg i lendet. Består av 4 meir eller mindre adsklite område:Lengst i N:1. Grop etter uttak av karemne. Orientert N - S. Delvis vassfylt. Langs kanten syner minst 13 sår etter uttekne karemne. Litt utafor kanten syner 4 emne til bolleforma kar med ben halvkuleforma botn vendt ut. Dei er meir og mindre frihogd. Utstrekning 25 x 40, 42 x 42, 40 x 42 og 40 x 44 cm, h. 10 - 23 cm. Gropa er ca. 6 m l., br. 2 - 3,5 m, djupne ca. 0,75 m.S for 1 og sklit frå den av ein 0,6 - 1,0 m br. og ca. 0,5 m h. bergrygg:2. Grop. Orientert NA - SV. Litt vatn i botn på midten. Langs kanten sår etter minst 19 uttekne karemne. L. ca. 5,5 m, br. opptil 2 m, h. opptil 1,0 m.Ca, 3 m SV for 2 :3.Bergvegg. Orientert ca. N - S. Spor i den A vendte veggen etter minst 7 uttekne karemne.Ca. 4 m A for 3 :4. Grop. Orientert NNV - SSA. Delvis vassfylt. Langs kanten sår etter minst 18 uttekne karemne. Dessuten eit delvis frihogd emne med flatsida vendt ut og to med den runde botn vendt ut. D. 37 cm, 28 cm og 33 x 24 cm, h. 12 - 15 cm. L. ca. 9 m, br. ca. 3 m, h. opptil 1,5 m.Brotet ligg for det meste 0,5 - 1,5 m over vassmålet, men 3 ligg vel 2 m.o.h. Til hogginga ser det ut til at ein har nytta eit smalt eggreidskap. Forvitring gjer det vanskeleg å avgjera eggbredda sikkert, men truleg har den ikkje vore over 2,0 - 2,5 cm. Brotstaden er ca. 25 m l, 5 - 7 m br.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/53659
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=63061&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Rogaland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2013
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.241W, 59.451S, 5.241E, 59.452N); Haugesund