Lokalitet 3, Nes gard

Lokaliteten ligg i innmark, heilt sør i det nordlege delen av planområdet. Terrenget er hellande nedover mot aust. Lokaliteten ligg på eigedomen gnr. 72, bnr. 2, mellom høgdekvotane 35-40 meter over havet. Den ligg rett sør for løa på Nes Gard og rett vest for Lustravegen. Lokaliteten består av ein funnførande sjakt (sjakt 20) med funn av eit førhistorisk dyrkingslag (S11). Den er avgrensa av infrastruktur, plangrensa og negativ sjakt (sjakt 19). Sjakt 20 er 13 meter lang og 3,4 meter brei. Den er 180 cm på det djupaste (heilt i nordaustleg del av sjakta). Massane var noko ustabile og under reinsing av profil rasa det ut av ein del massar frå nordvestleg profil.

Det førhistoriske dyrkingslaget vart observert i midtre og nordleg del av sjakta. Det vart dokumentert i nordvestleg profil. Dyrkingslaget låg 50 cm ned i sjakta, og var 32 cm tjukt. Massane over var 19 cm med gråbrun siltig matjord og 31 cm med brun siltig porøs jord. Det vart teke ut trekolprøve av nedste del av laget. Den vart datert til eldre bronsealder, 1692-1536 cal BC. Undergrunnen var lys grå kompakt silt og leire.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/290075
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2733208&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2022
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.365W, 61.386S, 7.365E, 61.386N); Luster