Gangveg, uvisst når han blei bygd, i bruk opp til gardane i Kleiven skulekrets fram til 1950. I 1950 kom det køyreveg i staden, men då budde det berre folk på to gardsbruk i Kleiven, ikkje på dei andre gardane i kretsen, lenger inne på heia. I 1980-åra blei der øyde i Kleiven au, og køyrevegen har sidan vore stengd med bom. Gangvegen blei teken i bruk att som turløype rundt 2018, bortsett frå tre strekningar der turløypa tek snarvegar, den eine staden for ikkje å koma for nær hus, dei to andre strekningane på grunn av at gangvegen er blitt øydelagd av ras.