Torselekå (Torsheilega) eller Toreslegå (Toreslega)

Nesten nedst på grasvollen ligg det ein grunnmur på 5 x 3 m, opptil 0,5m høg, delvis nedrast, og ved sida av denne ligg det eit kjellarhòl. Her ser ut til å ha budd folk to gonger. Fyrst må her ha budd ein som må ha heitt Tor (uvisst når). Andre gongen, frå 1680-åra til 1696, budde her Jo Bjennson Eikjen (Jon Bjørnsson Eiken) g.m. Guri Ånensdotter Nøkland frå bruket "Ruste" på Nøkland og dei tre borna deira. Segna om busetnaden er blitt blanda i hop med ord som liknar på Tor, og med andre segner og vandresegner. Etterpå busetnaden var her driftelege frå 1700-talet til 1920. Då la driftehjuringane kvistar over kjellarholet så at ikkje krøter skulle detta nedi og skamføra seg.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/109115
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=602454&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2007
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.165W, 58.634S, 7.165E, 58.634N); Hægebostad