Lok. 179 på E39 Stord-Os (Hordfast)
Lokalitet med tre kokegroper fra romertid.
Området ligg i dag brak. Det veks mykje lyssiv på flata. Kring flata er det skog av både lauv og bartre.
Strukturane vart ikkje snitta, men det vart tatt dateringsprøver frå oppreinsa kontekst i plan på dei.
Struktur 29.102.1 er ca. 80 cm i diameter, og ligg ca. 44 cm under torva. Strukturen er sir-kulær med nokon stein og ein smal rødbrun kant ca. 2-3 cm tjukk. Strukturen er kolhaldig, og truleg ein kokegrop. Ligg på ca. 44 djupna under torva.
Struktur 29.102.2 er ca. 80 cm i diameter, ligg ca. 44 cm under torva. Kolhaldig og noko forstyrra mot nordaust. Nokon stein, mest tydeleg etter regn.
Struktur 29.102.3 er ein svær kolhaldig struktur. Den ytre ringen er svart, feit og kolhaldig. Inst er det lys, grå leire. Strukturen måler over 2 m i diameter. Ligg ca. 43 cm under torva.