Samling tufter, mogleg stølsanlegg
På nordsida av elva som kjem frå Vetlegrødalen, der denne renner ut i Vigdøla, altså mellom Vetlegrøda og Vigdøla, ligger ei fin, tørr, grasvakse grusflate. Flata går mot nordaust over i ein lun skråning. I denne skråninga vart det påvist to hustufter og ein ganske liten blokkheller av Randers i 1981. Sistnemnte viste ingen teikn på bruk utover som «herbyrje» for dalens beitande sauer.
Tuftene har bakre gavlvegg noko inngravd i bakken inngang i nedre gavl. Muring av relativt store stein. Einskilde såkalla jordfaste stein synes også å inngå i veggkonstruksjonen. Begge er oppfylt av mykje innrast stein. Tuftene er små og tilnærma kvadratiske med ytre mål på ca. 4x4 meter, delvis overgrodd av lyng og mose, men godt synlege.