Lokalitet Steinsåker 1

Lokalitet 1 vart påvist ved graving av kabelsjakta. Han ligg i det øvre innmarksom rådet, i dag nytta som sauebeite. Det vart funne to dyrkingslag i sjakt 1. I den nordlege delen av lokaliteten strekker dyrkingslaget seg om lag 10 meter før det stopper. Ca. 7 meter lenger nede byrjar dyrkingslaget att og strekkar seg 4,9 meter.

Laget er om lag 10 cm tjukt, mørkebrunt og feitthaldig med trekol. Det er ein del store steinar i laget i profilveggen. Dyrkingslaget er avgrensa i nord og i sør dvs. i sjakta, men det er ikkje avgrensa utanfor sjakt i vest eller i aust.

DL - 1 er 14C - datert til 422 - 574 e. Kr. (95,4% sannsynleg) (Beta 472963). Det vil seie perioden folkevandringstid i eldre jarnalder.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/229953
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=419625&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2017
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.424W, 61.744S, 6.424E, 61.744N); Gloppen