Nupen 2

Dette er eit mørkebrunt lag under lysare matjord. Det er om lag 3 meter langt og 2,5 meter breitt, og ligg ca. 20 cm under toppen av torva. Her var nokre moglege ardspor, og laget blei tolka som eit dyrkingslag. Lokaliteten avgrensast i nordvest av enden på sjakta, i sørvest og nordaust av ytterkantane på sjakta, og i søraust av ei veite. Det er mogleg at lokaliteten strekk seg lenger mot nord og nordvest. Det ligg i nokså flatt terreng som er svært fuktig lenger mot søraust. Lokaliteten ligg i dyrka mark, med nokså vidt utsyn i alle retningar utanom mot aust. Umedelbart aust for lokaliteten skrånar terrenget opp til eit langstrakt platå.

Det blei tatt ei kolprøve av laget. Det viste seg at det ikkje var kol i prøva, berre planterestar. Desse blei datert til 534-644 e. Kr., som vil seie overgangen frå folkevandringstid til merovingartid. Dette kan kanskje sjåast i samanheng med skåret av spannforma keramikk frå ID 269831, ettersom spannforma keramikk pleier å daterast til folkevandringstida.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/269838
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2152763&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2020
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.533W, 62.225S, 5.533E, 62.225N); Sande