skjellmødding og kai

Det ble gjort 28 prøvestikk i Keilevågen.

Prøvestikk 17 hadde eit tjukt lag av skjell. Det stod også ein trepåle vertikalt i skjellaget. Prøvestikket blei utvidet med 30cm å avdekke meir av skjellaget. Skjellaget var større enn forventa og vart ikkje avgrensa av prøvestikket på ca. 60x30cm, med 70cm djupne. Botnen vart ikkje nåde på grunn av vanninntrenging. Skjellaget var dominert av Kobbung (Littorina littorea), med noko Blåskjell (Mytilus edulis) og Flatøster (Ostrea edulis). Ein prøve av trepålen, og eit skjell blei sendt til datering.

Prøvestikk 19 innehaldt ein trepåle som var ca. 50cm djup, liknande prøvestikk 17, men det var ingen skjell her og det fyltest opp med vatn raskt.

I prøvestikk 21 var det eit skjell lag (ca. 5-7cm tjukt), med tilsvarande samansetning av skjell. Under skjella blei det funne ein mogeleg trestruktur med to tynne trestokkar liggande vinkelrett over to tjukkare stokkar stabla i høgden. Dei øverste stokkane låg rundt 60cm djupt, og den nedre på omtrent 100cm djupne. Under den nederste stokken kom vi ned på skjellsand, og det lot seg ikkje gjere å grave djupare grunna vanninntrenging. (fig. 13; fig. 14). Prøvestikket blei utvida til ein meter mot sørøst for å avdekka meir av stokkane. Dei øvre stokkane var ca. 5cm i diameter, og dei nedre 10-15 cm i diameter. Alle stokkane strekte seg forbi utstrekninga til prøvestikket. Ein av de øvre stokkane viste spor av pælemark (Teredo navalis), noko som viser at den har lege i sjøvatn. Prøver frå dei to djupaste stokkane blei sendt til datering.

Prøvestikk 28 hadde et tynt lag med skjell (2-3cm tykk) og mye flis ca. 50cm dypt. Det ble funnet en bearbeidet plankebit. Hullet fyltes med vatn ved ca 70 cm djupne.

Det er tolkes som en mødding og kai-brygge.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/334322
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3224265&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2025
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.040W, 61.590S, 5.041E, 61.590N); Kinn