Garnvikmyra er ei tilnærma heilt flat graskledd flate. Den avgrensast i alle retningar av berg. Mot nord strekk flata seg heilt ut mot havet. Mot midten av flata er det noko fuktig, mens det ut mot kantane av flate er tørt. Garnvikmyra nyttast som den primære beitemarka for sauen i området. Langstrakte grøfter drenerer lokaliteten.
Eit mørkebrunt jordlag er å finne under eit tynnt torvlag på om lag 30 cm. Under jordlaget er det berg. Om dette er gjeldande undergrunn for heile lokaliteten vitast ikkje.