Lokaliteten ligg på innmark, 38 m.o.h. på eigedom 16/1. Terrenget er relativt flatt. Lokaliteten består av ei sjakt (sjakt 16) kor det vart gjort funn tofasa dyrkingslag (lag 3 og 4). Det er sannsynleg at dyrkingslaget har vore forstyrra av ytre påverknad som flaum, da det opptrer sporadisk og med varierande tjukkleik.
Det er mellom 20 og 35 cm med brun siltig matjord og undergrunnen er ein blanding av raudbrun grus, sand og stein. Dyrkingslaget vart dokumentert i nordaustleg profil. Det vart tatt ut to kolprøver frå profilen, frå nedste del av både lag 3 og 4. Lag 3 var 25 cm tjukt og tydeleg kolspetta. Lag 4 var ca. 5 -10 cm tjukt. Kolprøva (VP9) frå lag 3 vart datert til førromersk jarnalder (385-197 BC).