Bak dei sørlegaste nausta i Bjoavågen, på bnr. 3, finst det restar av gamle båtstøer. Her er no ei rekkje på 5 naust. Bak to av dei er det restar av sikre båtstøer, men her er mogleg to til, attom to av dei andre nausta. Båtstøene er no mykje overgrodde og ikkje lett synlege. Dei var tydelegare i 1970, då dei vart registrerte av Per Fett, som også gav mål på dei. Skildringa her byggjer på Fett sine opplysningar.
Denne båtstøa ligg lengst nord. Ho er orientert aust -vest, er 14 m lang og 5 m breid, men har opphavleg vore lengre, då austre del er øydelagd av naustet. Ho er noko usikker.