Den Julianske borg

"Den julianske borg". Labyrint (trojaborg) på Grøthorn i 1000 m o. h. på ein sers verhard stad med tynn mosetorv. Der er flatt med nedsyn i begge Vartdalane frå labyrinten eller nærleiken. Lokaliteten er ein sadel med fjelltoppar i NV og SO. Labyrinten er om lag 6 m i tverrmål, sers fint og regelrett lagd av flate steinar som finst i mengder på staden, tett N for ein liten knaus på brotet mot Søre Vartdal. Labyrinten var noko skadd av teleskot og serleg saueføter, og vart i 1948 restaurert (Per Fett), slik at vegen fører inn til midten og ut ein annan veg. Ei løysing slik at vegen inn og ut er den same, var vel mogleg, men tyktest ha lite for seg. -Illgjerningsmenn skal ha vore freda når dei kom inn i borga.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/148864
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=124486&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2011
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.173W, 62.295S, 6.173E, 62.295N); Ørsta