Indre Harøy, Lok. 4

Lokalitet på om lag 2,1 daa, definert på bakgrunn av litiske funn og observerte kolholdig masse tolka som kulturlag. Det vart gjort 25 litiske funn, frå 5 positive prøvestikk. Det føreligg ei radiologisk datering frå lokaliteten, som antydar bruksperiode i seinmesolittisk tid, SM1. Lokaliteten er avgrensa av landskapet, og av negative prøvestikk. Mot nord er avgrensinga satt ved løa på tunet – dette området verker forstyrra, og her kjem berg opp i dagen kring løa. Mot sør er avgrensinga definert på bakgrunn av negative prøvestkk, og eit område med ber i dagen og like under torva. Mot aust har vi valt å avgrense lokaliteten til Indre Harøyvegen, som latar til å følgje toppen av en naturleg voll – stadvis går vegen over berg, og nokon plassar er det fylt ut mellom berga. Aust for vegen igjen hallar terrenget ned mot sjøen, først bratt og så slakare. Det vart funne nokre få vassrulla flint i skråninga nedanfor vegen, desse vart tolka som resultat av postdeposisjonelle prosessar. Mot vest er avgrensinga satt til bratt bergknaus med berg i dagen. Lokaliteten ligg i hageområde kring tunet på gbnr. 3/1 på Indre Harøy i Hustadvika kommune. Lokaliteten omfattar hagen kring våningshuset, og mellom dette og løa, samt noko areal utanfor grasplen mot sør.

Lokaliteten ligg på ei austvendt, slakt austleg hallande flate, med berg rett vest for lokaliteten, og mot nord litt lengre unna. Det er godt utsyn frå lokaliteten, og den hendvenner seg mot aust og søraust. Med strandnivå oppjustert til 13moh, som stemmer med den radiologiske dateringa, dekker lokaliteten ei flate som strekk seg frå sjøkanten i aust, og til ein bergvegg i vest. Stratigrafien på området består av 20-30cm torv/matjord, før ein i nokre av stikka kjem ned på bevart kolholdig masse, tolka som kulturlag. Kulturlagets mektigheit varierer i prøvestikka frå 5-20cm, i nokre av stikka kom vi ikkje ned på anna enn stor stein under kulturlaget, men nokre der kor vi kom igjennom, består undergrunnen av raudbrun grus og sand.

Det føreligg ei radiologisk datering frå lokaliteten: KP62020EK – BETA – 581586. 7450 +/- 30 BP (SM1). 41 kolfragment var treartsbestemt. Av desse var 29 bjerk (Betula), og 12 furu (Pinus). C14-analyse på trekol av bjerk indikerer datering til Senmesolittisk tid.

Ettersom lokaliteten ligg i hageareal kring bustadhus, er det vanskeleg å seie noko om kor mykje som er bevart, og i kor stor grad lokaliteten er påverka av moderne inngrep. Dette gjeld forsåvit òg for opparbeidinga av vegen som avgrensar lokaliteten mot aust. Men, vi har påvist at det er bevarte kulturlag her, med ein mektigheit frå 5-20cm. Men om dette berre er flekkvis bevart (og vi har vore heldige med prøvestikka) eller strekk seg over ei større flate, er vanskeleg å seie.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/271969
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2493522&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2020
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.956W, 62.882S, 6.957E, 62.883N); Hustadvika