Sudndalslia

Jarnvinneanlegg med tuft, slaggutkast kolgroper og røsteplass. På ein rygg i terrenget er det påvist 6 kolgroper (ei av desse kan vere ei sidegrop), ein røsteplass, eit slaggutkast og ei tuft. Tufta ligg ikkje i tilknytning til slaggutkastet. I tillegg er to kolgroper som ligg nordvest for ryggen tatt med under denne lokaliteten. Prøvestikking og bruk av metallsøkar viser at slaggutkastet er om lag 2 x4 m stort, og relativt tynt (0,1-0,2 m). Ein flate SV for kolgrop R21a kan vere aktivitetsområdet på lokaliteten, men dette er usikkert. Det var relativt lite utslag på metallsøkaren her. Tufta er om lag 4x4 m i golvflate, med tydeleg, hesteskoforma voll. Opninga er mot NØ (nedover ryggen). Prøvestikking påviste eit kollag i golvflata til tufta, og ein kolprøve er tatt ut frå dette. Ein røsteplass blei påvist på ein liten flate SV på lokaliteten, S for kolgrop R34. Prøvestikking viste eit tydeleg malmlag (5 cm tjukt) over eit kollag (5 cm tjukt). Bruk av metallsøkar indikererer at røsteplassen er om lag 2x3 m i flate.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/111809
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=186416&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Buskerud fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2007
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (8.032W, 60.638S, 8.033E, 60.638N); Hol