Sjakt A og B som ligg i same høgda som lokalitetsflata inneheld funn av automatisk freda kulturminne i form av førhistoriske dyrkingslag. Funnsituasjonen i dyrkinga samsvarar med funna gjort aust for bekken og syner førhistorisk dyrking i fleire fasar. Dyrkinga finn ein att i i sjakt D sørvest for sjølve lokaliteten, men då i berre ein fase.
Det førekjem enkelte vanleg førekommande bustjingsspor i i sjakt A og B i form av kokegroper. Eit stolpehol vart påvist i sjakt B utan at det kan setjast i system.
Kulturminna i sjaktene vest for lokaliteten skil seg ut frå funnsamansetjinga vi ser i lokalitetsflata aust for bekken. Funna vest for bekken består i all hovudsak av dyrking og dei omfattande førhistoriske busetjingsspora vi ser aust for bekken er fråverande i sjakt A-C.
Dette tyder på at tyngda av den førhistoriske busetjinga på øvre Kvamme ligg i tilknyting lokalitetsavgrensinga og aust for bekken. Funna vest for bekken gjev meir inntrykk av omfatte meir reine dyrkingsområde.