Bautasteinen som er kløyvd på langs, er kring 4,6 m lang, 15-35 cm brei og 30 cm tjukk. Steinen stod tidlegare der loddpipa i våningshuset på bruket er. I fylgje Per Fett stod bautasteinen på ei helle under jordoverflata. Under hella var det "eit krittliknande stoff" (brende bein ?). Inntil vestveggen på våningshuset, 3-4 m V for loddpipa, ligg fire heller kant i kant, orientert NNV-SSO. Dette kan kanskje vera restane av ei steinlegging kring bautasteinen. 7 m S for søraustre hjørnet på våningshuset ligg tre heller. Den største måler 2,1 x 1,1 m og er 0,1 m tjukk. Oppå denne hella ligg to mindre heller. Desse hellene vart funne inntil søraustre hjørnet av huset under arbeid på ei vassleidningsgrøft i 1967. Truleg har her vore ei flatmarksgrav. Arbeidet vart utført med gravemaskin.