-
Skjerevasslegå (Skjerevasslega)
2x2 m grunnmur med are i det eine hjørnet. -
Romshelleren
God heller med firkanta livdemur under fast fjell, plass til to. Var driftelege 1838-1907. -
Salveshedlar (Salvesheller)
Ring heller med livdemur under steinblokk, urete golv. -
Staurlolegå (Staurlolega, Støyrlolega)
2,5 x 3 m grunnmur. To ringe hellerar med teikn til livdemur under kvar si steinblokk, plass til éin under kvar dersom livdemuren blir høgda med presenning. -
Skreppevasslegå (Skreppevasslega)
Svært god og brei heller med firkanta livdemur under fast fjell, liggjeplass til fjorten. Vidt utsyn. Helleren var brukt som driftelege (læger) i 1838-1908. -
Trodlevassbu (Trollevassbu)
Driftelege frå 1830-åra til 1908. Grunnmur etter den nest eldste gjetarhytte. Lenger aust står det ennå ei hytte på grunnmuren etter den aller eldste gjetarhytta. Det ligg ein... -
Øvra Kodålegå (Øvre Kotålega)
Gode hellerar, den eine under fast fjell, liggjeplass til to, den andre med livdemur under steinblokk, plass til to. Grasvoll. Her var legegjeting 1814-1907. -
Børildsbu
2x3 m grunnmur (med are i det eine hjørnet) etter stokkebygd bu, bygd i 1880-åra av Børild Torjesson Holmen, Bjerkreim. Her var legegjeting i 1886-1907. -
Bånefjellegå (Bånefjellega)
Driftelege (felæger) med legegjeting 1814-1907. Det stod ei lafta bu på grasvollen, men no står der ei moderne fritidshytte, bygd 1994. Der er likevel ein liten ring heller opp... -
Sveinskvæven (Sveinskvævlegå, Sveinskvævlega)
I den bratte hellingen ned mot et mindre tjern og under en stor flyttblokk: Heller som har en større og en mindre åpning. I begge rester etter mur. Under selve helleren og... -
Vindhedlarlegå (Vindhellerlega)
Driftelege (felæger) med heller i 1886-1904. -
Klovsteinan
Driftelege (felæger) 1886-1907. Store steinblokker, men ingen ordentleg heller. -
Storavasslegå (Storevasslega)
Driftelege (felæger) 1886-1907. Heller under steinblokk, liggjeplass til to. Grasvoll. -
Perslegå (Perslega)
Var driftelege (felæger) 1886-1907. Store steinblokker med små hellerar under. -
Torfinnslega
Ring heller med livdemur under fast fjell, liggjeplass til éin. Namnet er oppdikta. -
Lihedlar (Liheller)
Heller med livdemur under steinblokk, plass til éin eller to dersom livdemuren blir høgda. Her var driftelege (felæger) på 1800-talet. -
Vestra Langalonlegå (Vestre Langalonlega, Vestre Langelonlega)
Ring heller med livdemur under steinblokk. Var driftelege (felæger) 1814-1904. På den store grasvollen 450 m lenger nord stod det ei jakthytte, bygd 1909 av grosserar Heggen,... -
Grøna legå (Grøna lega, Grøne lega)
Stor og friskt grøn graskledd haug midt i Kvifalkedalen med teikn til grunnmur nær toppen av haugen. Driftelege (felæger) 1814-1904. -
Kvitjødnlegå (Kvitjørnlega)
Ring heller med livdemur under steinblokk. Var driftelege 1814-1907. Under vatn sidan 1968. -
Åmlibadstau (Åmlibadstog)
Vid grasslette. Tuft etter ei lafta bu (opphavleg ei badstove på Åmli i Øvre Sirdal som blei flytt inn hit). Var driftelege (felæger) 1814-1904.
