-
Halvtekklegå (Halvtekklega)
Halvheller med livdemur (halvtekkje) under steinblokk i ura. -
Vassfedllegå (Vassfell-lega, Vassfedlet, Vassfellet)
God heller med firkanta livdemur under fast fjell, liggjeplass til tre. Var driftelege på 1800-talet og fram til 1905. -
Nordra Dygrådalslegå (Nordre Dygrådalslega)
Ingenting å sjå. -
Heimra Dygrådalslegå (Heimre Dygrådalslega)
Ingenting å sjå. -
Nordra Halvfardalslegå (Nordre Halvfardalslega)
Ingenting å sjå. -
Skronekvæven
Der skal ha stått ei bu, men det er uvisst om det var akkurat her. -
Grøna plasset
3x5 m grunnmur med restar av jernomn. -
Nya Dygrålegå (Nye Dygrålega)
3 x 3 m grunnmur etter eldhus med are i det eine hjørnet. Her var driftelege på heile 1800-talet og fram til 1904. -
Raude Hedlaren (Raude helleren)
Heller under fast fjell der det veks raudberglav. Helleren er i to høgder, liggjeplass til éin på ei fjellhylle, og liggjeplass til éin nede ved foten av ufsa innanfor ein... -
Gamlalegå med Bjønnshipodlen (Gamlelega ved Bjørnshipollen)
Gamal hytte. Grasvoll. -
Vatnedalsenden (Endebu)
Bitte liten heller under fast fjell like om hjørnet av ei ufs. Grasvoll. Saueoppsynshytte bygd 1977. -
Elsvasslegå (Elsvasslega)
Heller med livdemur under steinblokk, plass til to. På sjølve grasvollen er der ei 2x2 m utydeleg tuft innmed steinblokk. Stor grasvoll. -
Bjønnshilegå (Bjørnshilega)
Heller under fast fjell, plass til to. Ingen livdemur. Graskledd golv. -
Bratta brodet (Bratte brotet)
Var driftelege på 1800-talet og fram til 1909. God heller med livdemur og bordkledning med dør, under steinblokk, liggjeplass til tre. Helleren inneheld ymse utstyr som syner at... -
Ronelegå (Ronelega)
God heller med livdemur under steinblokk oppe i ura, liggjeplass til to. Området består av bandgneis der visse lag er amfibolitt; derfor veks det rosenrot i fjellsidene. Ein... -
Holmavass-stéet
Her var driftelege (felæger) ca. 1850 - ca. 1900. Det kan ha stått ei gjetarbu 100 m austafor der det seinare blei bygd to Heiberg-hytter. -
Gofadalen (Godfardalen)
Grasvoll. Moderne hytte med ymse uthus. -
Taumevassletè (Taumevassletti, Taumevassletta)
Grasvoll. Var driftelege (felæger) 1853-1904. Her må ha stått ei gjetarbu. Seinare bygde Heistein hytte, og endå seinare bygde Heiberg hytte. -
Nordre Mangædnan (Nordre Mangærne)
Heller med livdemur under fast fjell, liggjeplass til éin. -
Gamla Dygrålegå (Gamle Dygrålega)
Utpå odden ligg der ein 3x3 m grunnmur etter eit eldhus med are i midten. Oppunder heia ligg der ein liten ring heller med liggjeplass til 1.
