Katevågen, hamn - Romanifolkets kulturminne

Båtreisande kom ifølgje ein informant regelmessig til Katevågen minst fram til 60-talet og låg der. Dette var då ein stad utan vegtilgang. Dei reisande selde ting dei hadde laga til folk i området, inkludert vispar og takrenner. Rundt 1963 skulle ei romanijente byrje på Leiknes skule. Familien skulle bu i båten i Katevågen. Klassen ho skulle byrje i fekk streng beskjed om å ikkje erte henne fordi ho budde i ein båt i staden for eit hus. Det vart endring i planane, og ho dukka ikkje opp på skulen. Likevel viser denne historia at minst ein båtreisande familie hadde eit nært forhold til denne staden.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/299357
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2842978&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2023
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.384W, 60.571S, 5.387E, 60.572N); Alver