Prøvestikket målte 40 x 40 cm og var 55 cm djupt. Dyrkingslaget bestod av mørk brunsvart grus og sand med mye kull og var 5-10 cm tykt.
Her vart det satt fire prøvestikk og det vart funne spor av dyrking i tre av desse. det vart teke ut ein C-14 prøve for datering, denne vart datert til overgangen bronsealder – førromarsk jarnalder (651-543 BC). Laget var på om lag 5- 10 cm og bestod av grus og sand med ein del kol. Laget var tydlegast i prøvestikk I8, medan det vart tynnare jo lengre sørvest ein kom. I prøvestikk 10 var laget på 2 cm og det vart difor tolka som avslutning på dyrkingslaget. Laget låg under eit lag med elvegrus, truleg frå den nærliggande elva som har fløymd over.