Frå Fett: Førhistoriske minne i Sunnhordland, Åkra sokn:
Høgfjellet (A på funnkartet). Kleberbrot på Ingahogget (Ingafjell på gradteigskartet), 965 m.o.h. Brotet har ikkje vore sett av museumsfolk, men litt O for toppen skal det vere merke etter gryteuttak.
Frå Grind.no: Nesten 1000 meter over havet, på nordsida av fjellet Ingahogg, er det funne restar etter eit klebersteinsbrot. Herifrå skal Inga – så seier segna – ha henta den store klebersteinen som ligg framfor hovudinngangen til Åkra kyrkje. I brotet finst det spor etter uttak av gryter og kar, men klebersteinen herifrå har mykje truleg òg vorte nytta til garnsøkke og vevlodd (kljåstein),støypeformer og anna. Det er elles hogge ut større blokker,men kva ein brukte dei til,er uvisst. Brotet i Ingahogg er ikkje undersøkt nærare.Vi kan derfor ikkje tidfesta drifta, men sannsynlegvis har det vore brote ut stein her i lang tid.