Haugland - Fetts fk. 1, Gullhaugen

Røysa er rund med eit svakt søkk i toppen. NV-kant ligg innunder den steinbygde løebrua. På fleire stader stikk store steinblokker fram gjennom grastorva. Tre store steinar i rekke som ligg i dagen i NO-kant, tyder på at røysa har fotkjede. Det har lege 3 heller i midten av røysa, to på 70 x 40 cm og ei på 40 x 40 cm. Under desse fanst B 5541, eit gravfunn som inneheldt sverd med dekorerte knappar av gylt sølv, to spannforma leirkar, to brende leirklumpar, jern og skiferbryne.Røysa er 16 m i tverrmål og 1,5 m høg.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/6709
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=33765&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2007
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.475W, 60.287S, 5.476E, 60.288N); Bergen