Velkje - Jernvinneanlegg

Jernvinneanlegget markerer seg ved ei oval grop, orientert O-V, 1,5 m i største vidde og 0,2 - 0,3 m djup. Eit prøvestikk i vestre vollkanten gav funn av ei heil rekkje med slaggklumpar. Eit anna prøvestikk ved ei noko meir uklår grop kring 10 m lenger mot V, gav like eins funn av slaggklumpar. 60 m VNV for den ovale gropa ligg ei røys, 2 m i tverrmål og 0,5 m høg. Røysa er bygd av 20-40 cm store steinar/blokker. Truleg må det her vera tale om ei rydningsrøys. Plasseringa midt på flata og storleiken tyder i mindre grad på gravrøys.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/6354
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=33456&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2004
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.747W, 60.551S, 6.747E, 60.551N); Voss